Fridom, likskap, brorskap

Storminga av Bastillen i 1789, blir rekna for å vera startskotet for den franske revolusjonen. Ei av dei utløysande årsakene, var den økonomiske situasjonen i landet. “Når krybba er tom, bitest hestane”, seier ordtaket. Statskassa var skranten mellom anna fordi utgiftene til krigføring hadde vore høge, og fordi dei rikaste i samfunnet betalte lite skatt. For fylla statskassa, ynskte kongen å gjera noko så uhøyrt som å skru opp skattane for dei rike. Slikt blir det bråk av: adelen, kyrkja og toppsjiktet i tredjestanden samla seg til kamp mot eineveldet.

Korkje biskop eller baron var i utgangspunktet spesielt opptekne av levekåra til bonden eller bakaren. Men då revolusjonstoget starta å rulla, tok det eine det andre, og brått gjalla orda fridom, likskap, brorskap utover landet. Og hovuda byrja å rulla, slik dei ofte gjer i revolusjonar.

Med omsyn til status, rikdom og eigedom, var Frankrike eit ekstremt lagdelt og hierarkisk samfunn i 1789. Aller øvst sat den eienveldige kongen, under han kom adelen og kyrkja, og under der igjen kom dei velståande utan tittel. I botnen av hierarkiet var det trongt om plassen, for der var dei så mange.

 

Figur A: Illustrasjon av eit lagdelt samfunn med få på toppen og i midten, og mange på botnen av hierarkiet.

 

For dei som lever i dagens Noreg, kan det vera vanskeleg å setja seg inn i kor trøysteslaust dei hadde det på botnen av det franske samfunnet, til dømes der ute i åkeren til godseigaren, og kor fantastisk dei hadde det i senga til baronen. Den historiske utviklinga har gjort verda til ein heilt annan stad, og olje har gjort Noreg til eitt av dei rikaste landa i verda. Men før olja, var ikkje landet spesielt rikt.

Då andre verdskrigen vel var over i 1945, var Noreg eit fattig land. Gerhardsen og Arbeidarpartiet fekk regjeringsmakta, og politikarane prioriterte å få alle mann i arbeid, og å styra slik at veksten skulle koma alle til gode, også arbeidsfolk. Denne lina vart ført vidare med dei borgarlege ved regjeringsskiftet i 1965. Per Borten frå Senterpartiet, var statsminister då folketrygda vart vedteken.

Einar Gerhardsen og Per Borten er gode døme på at politikarrolla i Noreg var spesiell. Dei såg seg sjølve som representantar for folket, og dei ville, i alle fall på det symbolske plan, visa at dei var ein del av folket, trass i sin mektige posisjon. Gerhardsen flytta ikkje frå det vetle husværet sitt på austkanten i Oslo, og Borten slo plenene i hatt og underbukse medan pressa fotograferte. I utlandet var dette totalt uforståeleg: Det sømer seg ikkje ein statstminister å bu som vanlege folk, eller å gjera fysisk kroppsarbeid slik bonden gjer det.

Frå midten av 1970-åra, var det politiske klimaet rundt om i andre vestlege land sterkt påverka av økonomiske liberalistar. Ved valet i 1981, slo høgrebylgja inn over Noreg. Høgre, med Willoch i spissen, ville utfordra likskapslina fordi den ikkje lønte seg, og fordi den la band på privat fridom.

Til skilnad frå mange andre land, stod det godt til med økonomien i Noreg. Veksten i oljeindustrien hadde byrja å skyta fart på 1970-talet, og med olja skulle Noreg bli eitt av dei rikaste landa i verda. Eit viktig punkt for alle regjeringar etter 1980, har vore å ta stilling til korleis oljerikdomen skal fordelast og forvaltast.

I 2009 blei det gjennomført ei spørjeundersøking om sosial ulikskap i Noreg. Eitt av spørsmåla var:

Kva slags samfunn er Noreg i dag? Kva for eit diagram skildrar Noreg best?
A B C D E
Ein liten elite på toppen, svært få midt på og svært mange på botnen. Ein liten elite på toppen, fleire midt på og flest på botnen. Ein pyramide, men det er få heilt på botnen. Eit samfunn der dei fleste er midt på. Mange menneske nær toppen, få nær botnen.

 

Dei fem diagramma skildrar svært ulike oppfatningar av den sosiale lagdelinga i samfunnet. Grovt sett kan me seia at diagramma er rangert frå svært eliteprega samfunn (A) til svært egalitære samfunn (D). I 2009 svarte 56 % at Noreg var nærast type D, altså eit samfunn der dei fleste kan plasserast midt i hierarkiet.

 

Utvikling i synet på “er” og “bør” i høve lagdelinga i Noreg

Undersøkinga frå 2009 inneheld to spørsmål om å vurdera lagdelinga i Noreg i høve til diagramma. Det fyrste har me allereie sett på: “Korleis vurderer du det norske samfunnet her og no?” Det andre spørsmålet, freistar å måla idealet: “Korleis meiner du det norske samfunnet burde ha sett ut?”.

Dei same spørsmåla er også med i ei tilsvarande undersøking frå 1992. Dette opnar for at me kan undersøkja korleis vurderingane har utvikla seg. Samlar me frekvensane frå “er” og “bør” spørsmåla frå 1992 og 2009, kan me laga tabellen under.

Tabell 1: Frekvensfordelingar for fire spørsmål om sosial lagdeling i Noreg(avrunda prosent)
  1992 2009
  I dag Burde ha vore I dag Burde ha vore
Type A 8 1 2 0
Type B 16 3 11 2
Type C 25 7 24 10
Type D 49 62 56 64
Type E 3 27 7 23

 

Me vil leggja vekt på fylgjande funn frå denne tabellen:

Kjenn din plass, eller finn din plass. Litt om sosial mobilitet

I det gamle adelssamfunnet handla det om å kjenna sin plass i hierarkiet. Gardsarbeidaren kunne vanskeleg bli noko anna enn gardsarbeidar: Lenger ned i hierarkiet var det knapt mogeleg å koma, og heilt spesielle omstende eller eigenskapar måtte spela på lag for å setja i gang klassereisa oppover i hierarkiet.

I vår tid er det heile mykje enklare. Alle har rett til å få utdanning, og med utdanning opnar mogelegheitene seg. Grunnskulen er gratis og obligatorisk, og det finst stønadsordningar som gjer det mogeleg for dei evnerike å ta høgare utdanning, jamvel om det står skralt til med økonomien. I det norske samfunnet kan ein soleis i større grad finna sin plass.

Sjølv om dei offentlege ordningane opnar for at ein kan gjera val som fører oppover på samfunnsstigen, er det likevel slik at eksisterande ulikskap har ein tendens til å bli ført vidare. Den ambisiøse mangemillionæren kan til dømes kjøpa privatundervising til sonen, og såleis gje han eit mykje betre tilbod enn det småbrukarsonene kan få. Samstundes er det også slik at ein må leita nokså lenge for å finna ein mangemillionær som seier: “Nei no har eg vore millionær lenge nok. Eg hadde rett og slett litt flaks då eg kjøpte dei aksjane før kursen steig. No trur eg nesten at bibliotekaren i fjerde kan få alle millionane mine.” Sagt på ein annan måte: Har ein fyrst fått pengar mellom hendene, vil ein kjempa for å behalda dei. Og når ein har meir pengar enn det som skal til for å dekka dei daglege behova, har ein også større mogelegheiter til å investera overskotet, slik at det kan bli endå fleire pengar av det.

I undersøkinga om sosial ulikskap, finst variabelen "kvar vil du plassera deg sjølv på samfunnsstigen". Sidan fleirtalet oppfattar Noreg som eit egalitært samfunn, er det rimeleg å forventa at fleirtalet plasserer seg sånn nokolunde midt på samfunnsstigen.

 

Figuren syner at eit overveldande fleirtal av respondentane plasserer seg i sjiktet mellom midt på samfunnsstigen og toppen (midtpunktet går mellom kategorien 5 og 6). Dette samsvarar nokså godt med det inntrykket respondentane har av kva slags samfunn Noreg er.