Trivnad blant ungdomar i Europa

Det er blitt sagt at ungdomstida er bortkasta på dei unge. I dette ligg det at dei unge ikkje har livsrøynsle nok til å setja pris på det fine med ungdomen: Ungdomane har få plikter samanlikna med vaksne, dei har tid til å konsentrera seg om vener og kjekke aktivitetar, dei er så fine og spreke som dei nokon gong vil bli, og viktigast av alt; dei har alle mogelegheiter framføre seg. Den vaksne har alt gjort dei vala som styrer livet, og dersom han har valt feil, misunner han ungdomen som enno har til gode å velja.

For mange er ungdomstida ein komplisert periode i livet. Puberteten set fart på ei rad kroppslege og psykologiske utviklingstrekk som kan vera vanskelege å rå med når livsrøynsla vantar. Overgangen frå barn til vaksen inneber i tillegg ei rekkje utfordrande val.

I framhaldet skal du sjå nærare på trivnaden til ungdomar rundt om i Europa, og du skal undersøkja om trivnaden kan koplast til bestemte oppvekstvilkår.

Kva treng ein for å trivast?

Det å trivast tyder at ein likar seg. Trivnad er ei kjensle av velvære som kvar person har inni seg. Sidan trivnad er ei subjektiv kjensle, er det ikkje slik at alle som lever under dei same tilhøva, vil seia at dei trivst i same grad. Me kan til dømes tenkja oss to gutar som har vore uheldige og brote foten. Den eine er ein engasjert fotballspelar, medan den andre er ein lidenskapeleg programmerar. Det er aldri kjekt å bryta foten; det er vondt, og ein blir hindra i dagleglivet, men det er likevel råd å tenkja seg at beinbrotet får ulik effekt for trivnaden til desse gutane. Hadde me retta spørsmålet "Trivst du?" til dei to karane, ville truleg idrettsmannen ha nekta for dette på det sterkaste: Beinbrotet hindrar han frå å gjera det han likar aller best. Programmeraren kunne derimot ha vore mindre missnøgd: Han kan framleis nytta hovudet og fingrane til å programmera, jamvel om han har gips på foten.

Jamvel om trivnad er ei subjektiv kjensle, er det råd å identifisera faktorar som generelt sett tykkjest å ha effekt for trivnaden til folk: For å trivast, må ikkje folk ha for mykje smerte, dei må ha overskot og energi til å løysa daglege oppgåver, dei må ha folk ikring seg og dei må kjenna dagleglivet meiningsfullt.

I tillegg til at me kan identifisera visse moment som generelt sett tykkjest å vera viktige for trivnaden til folk, er det også råd å skilja ut grupper av folk som prioriterer behova på om lag same måten. Mest openbert er folkegrupper definert av alder: spedborn, born, ungdom, vaksne, middelaldrande, gamle og oldingar. Blant desse gruppene, er det enklast å seia noko generelt om kva som bestemmer trivnaden til folk i dei to yttergruppene: Eit friskt spedbarn pludrar nøgd om det får rikeleg å eta, turr bleie, nok svevn, høveleg med klede og mjuke kjærteikn. Ein olding treng om lag det same som spedbarnet, men for å bli heilt nøgd, må han av og til få handhelsa på ein politikar (i alle fall verkar det slik i tida før eit val).

I framhaldet vil me stort sett avgrensa oss til kategorien "ungdom". Ved å undersøkja eit datasett der ungdomar rundt om Europa har svart på ulike spørsmål om trivnad, skal du freista å identifisera kor nøgde ungdomane er med liva sine. Vidare skal du også finna fram til nokre moment som kan vera viktige for trivnaden.

Datamaterialet

Innleiingsvis er det naudsynt å gje ein kort presentasjon av datamaterialet. I 2005-06 vart det gjennomført ei spørjeundersøking om helsevanar blant 11, 13 og 15-16 åringar i 41 land. Frå dette datamaterialet, har me laga eit mindre datasett med nokre av spørsmåla, og berre deltakarar frå England, Wales, Skottland, Noreg, Danmark, Nederland, Portugal og Russland.

Eitt av spørsmåla i undersøkinga er formulert på fylgjande måte (og så er det eit bilete av ein stige): "Her er eit bilete av ein stige. Øvst på stigen (10) står for det best mogelege livet for deg og nedst på stigen (0) er det verst mogelege livet for deg.

Generelt sett, kvar tykkjer du at du står på stigen no for tida?"

Dette spørsmålet kan me nytta som eit generelt mål på trivnad. Det å ha eit godt liv, er heilt avgjerande for å trivast.

I datamaterialet er det ein heilt tydeleg tendens til at ungdomane er nokså nøgde med liva sine. Heile 58 prosent av ungdomane har kryssa av for eitt av dei tre mest positive svaralternativa, mot berre omlag 2 prosent som har kryssa av for eitt av dei tre mest negative.

Tabell 1: Frekvenstabell for spørsmålet "Tilfreds med livet"
Svaralternativ Prosentdel som har svart
0 Verst mogeleg liv 0,4
1 0,5
2 1
3 1,7
4 3,1
5 8,3
6 8,9
7 18,2
8 25,4
9 18,1
10 Best mogeleg liv 14,5

 

Døme på framgangsmåte: Samband mellom helse og trivnad

Tidlegare vart det mellom anna trekt fram visse behov spedbarn må få stetta for å kunna trivast: Barnet må ha mat, kvile, reinsemd og sosial varme, i tillegg til fråvær av sjukdom. Kva behov må ungdom få stetta for å trivast, og kva kan vera med på å forma desse behova?

Du skal no arbeida vidare med datasettet "Helsevanar blant skuleelevar 2005", og du skal undersøkja trivnad blant dei unge ut frå ulike perspektiv. Me viser framgangsmåten ved hjelp av fylgjande døme:

Er det slikt at fråvær av smerte også er viktig for ungdomar, slik det er for små born? Datasettet inneheld ikkje nokon smertevariabel, men me kan bruka variabelen "Eiga helse" som eit uttrykk for helsetilstanden.

Tabell 2: Deskriptiv analyse. Viser gjennomsnitt på variabelen "Tilfreds med livet" for dei ulike kategoriane på variabelen "Eiga helse"
Svarkategoriar på "Eiga helse" Gjennomsnitt
Svært god 8,41
God 7,49
Nokså god 6,47
Dårlig 5,50
Totalt gjennomsnitt 7,53

 

Tabell 2 viser at det er eit klart samband mellom variablane. Dei som har svart at dei er ved svært god helse, skårar i gjennomsnitt 8,41 på variabelen som måler i kva grad dei er tilfredse med liva sine (10 = "Best mogeleg liv", 0 = "Verst mogeleg liv"). Deretter sig gjennomsnittsverdien gradvis mot 5,5 for dei som svarar at helsa er dårleg. Med andre ord: Dei som er ved god helse, er tilfredse med liva sine, og dei som er ved dårleg helse, er mindre tilfredse med liva sine.

Ungdomstida handlar i stor grad om å finna seg sjølv: Den unge vil finna svar på kven han er og kvar han høyrer heime. Svara blir ofte funne i populærkulturen: I strevet med å bli eit sjølvstendig individ, ynskjer den unge å bli som alle andre kule menneske. Han lyt difor velja klede, meiningar, aktivitetar, interesser og kroppsfasong ut frå kva moteskaparane meiner er høveleg. Nokre av behova kan løysast med pengar, andre er det verre å gjera noko med.

Trivnad i ulike land

Så langt har du arbeidd med alle ungdomane i datamaterialet, i framhaldet skal du undersøkja svara til ungdomane i bestemte land. Jamvel om ungdomar rundt om i verda møter dei same fysiske og psykiske utfordringane, er det ikkje sikkert at behova blir prioriterte på same måten. I land der økonomien generelt sett er dårleg, kan det kanskje vera slik at familieøkonomien er viktigare for trivnaden enn det den er i rike land. På den andre sida, er det også råd å tenkja seg eit motsett resultat: I rike land, slik som Noreg, er ungdomane ekstremt opptekne av kostbare fritidsaktivitetar. For dei få ungdomane som ikkje har høve til å vera med på dette jaget, kan kjensla av å vera tilsidesett vera endå meir alvorleg enn i land der mange har dårleg råd.

Tabell 3: Deskriptiv analyse. Gjennomsnittsverdi på "Tilfreds med livet" i ulike land
Land eleven bur i Gjennomsnitt
Wales 7,13
Russland 7,28
Portugal 7,39
Skottland 7,45
England 7,51
Danmark 7,82
Noreg 7,87
Nederland 7,88
Gjennomsnitt totalt 7,53

 

Tabell 3 viser at Wales og Russland skil seg ut som dei landa der trivnaden i gjennomsnitt er lågast, medan Nederland og Noreg tronar på toppen i den andre enden av skalaen.

Du skal no velja deg ut to land, og du skal undersøkja om ungdomane i desse landa prioriterer ulike behov på same måten. Du skal fylgja denne framgangsmåten i Skulenesstar: