Sex, dop og rocken roll

I diktet ”De voksnes fest!” (1951) skriv André Bjerke om det vetle barnet som ligg i senga si og høyrer på lydane frå festane nede i stova. Barnet lagar seg dei mest fantastiske førestellingar om den forbodne arenaen. Mot slutten av diktet er barnet vorte vakse, og det har sjølv teke plass i stova. I ljoset frå blafrande stearinljos er mystikken borte. Det fantastiske fanst berre i fantasiane på barnerommet:

Din fangetid er endt.
Du er selv kommet ned i stuen,
og ingen dikterer deg lenger din leggetid.
Nu klinger din egen stemme i selskapet
("skål, mine venner!")
opp mot et lyttende barneværelse.
Nu vet du hva som skjer
på de voksnes fest.
Nu vet du at havets hemmelige verden
ikke er vunnet, men tapt.

 

Det var ikke de der nede som levet
i det du hørte fra dypet dengang.
i deg var festen, konkylien og havfruen,
og i deg var kvernen
som maler på havsens bunn!

 

Ungdomstida kan karakteriserast som overgangen frå uskuld til skuld, frå fridom til ansvar. Konfirmasjonen, anten den er religiøs eller borgarleg, markerer at barnet er på full fart over i ein ny status. Samstundes blir den unge gradvis tildelt fleire rettar og plikter frå samfunnet; straffeansvar, røysterett, førarkort osb.

Overgangen inneber også at den unge byrjar med aktivitetar som høyrer vaksenverda til. I dette arbeidsopplegget skal du undersøkja korleis omfanget av aktivitetar som røyking, rusmiddelbruk og sex, er blant unge rundt om i Europa.

Røyk

Tobakken kom til Europa frå Sentral-Amerika på 1500-talet, og den har seinare vore ein sentral ingrediens i vaksenlivet. Så seint som på 1900-talet, trudde ein at røyk kunne ha lækjande verknad, men nyare medisinsk forsking har grundig dokumentert at så ikkje er tilfelle.

Sidan røyk er så skadeleg, har styresmaktene i mange land innført lover som set grenser for handelen og bruken av tobakksvarer. I Noreg må ein til dømes vera 18 år for å kjøpa tobakk, og frå 1. juni 2004, måtte alle serveringsstader vera heilt røykfrie.

Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennomfører kvart år undersøkingar om tobakksbruk i Noreg. Tendensen er tydeleg; stadig færre røykjer dagleg. I 1973 røykte over 50 prosent av norske menn kvar dag, medan om lag 30 prosent av kvinnene tok seg ein blås dagleg. I 2007 hadde desse tala minka til om lag 21 prosent for mennene og 23 prosent for kvinnene.

Jamvel om ein lyt vera 18 år for å kjøpa røyk i Noreg, tyder ikkje det at yngre ungdomar held seg heilt vekke. I oppgåvene under skal du fyrst undersøkja kva røynsler norske 11, 13 og 15/16 åringar har med røyk, dinest skal du samanlikna åtferda til dei norske ungdomane med åtferda til ungdomar frå andre land.

Rusmiddelbruk

Rus er i ordboka definert som ein tilstand der ein er glad, har auka sjølvkjensle og nedsette hemningar. Denne tilstanden kan framkallast av ulike rusmiddel, men ordet blir også nytta når til dømes fotballtilhengjarar syng som gale for å feira sigeren: Dei er då i ein gledesrus. I dette avsnittet skal me fokusera på rus framkalla av giftstoff.

Nøkkelen til å forstå kvifor folk rusar seg, er sjølvsagt å finna i det at rusen gjer ein glad, sjølvtilfreds og avslappa: Om folk har det vanskeleg, kan rusbruk vera eit verkemiddel for å få problema litt på avstand, og om folk har det bra, kan giftstoffa få ein til å kjenna seg endå litt betre.

Problemet med rusmiddelbruk er likevel at verknadene av giftstoffa ikkje stoppar med den gode kjensla. Me kan dela dei negative verknadene inn i kortsiktige og langsiktige:

Tabell 1: Kortsiktige og langsiktige effektar av rusmiddelbruk
Kortsiktige konsekvensar Langsiktige konsekvensar
Overdosering: Ustø gange, redusert tankekraft, medvitsløyse, død Ein blir avhengig. Utan giftstoffa kjenner ein seg ikkje vel
Rusen får ein til å gjera skade på seg sjølv (t.d. snuble ned trappa) Giftstoffa får fyrsteprioritet, ein forsømmer familie og arbeid. Skilsmisse og arbeidsløyse er vanlege utfall
Rusen får ein til å gjera skade på andre (t.d. promillekøyring) Born blir psykisk utrygge av å sjå foreldra rusa
Rusen og bakrusen får ein til å skulka plikter, til dømes i høve familie, utdanning eller arbeid Giftbruken fører til sjukdom og død: Barn i morsliv tar skade om mor er rusmisbrukar. Brukaren øydelegg innvolar (skumplever) og hjerne

 

I Noreg har det vore brei politisk semje om å dela rusmidla inn i lovlege og ulovlege gifter. Alkohol og medikament utskrivne av lækjarar, er lovlege rusmiddel, medan urtebaserte og kjemiske gifter framstilt av andre enn lækjemiddelindustrien, er ulovlege rusmiddel.

Det er mange grunnar til at ungdomane byrjar å eksperimentera med ulike rusmiddel. Viktigast er det kanskje at dei unge ynskjer å smaka på noko av det som høyrer vaksenverda til. Dei er nyfikne på korleis det er, og det kan verka både spanande og morosamt. Samstundes er dei unge opptekne av ikkje å skilja seg ut frå gruppa. Brukar dei andre ungdomane rusmiddel, kan fråhald vera eit vanskeleg alternativ for den eine.

Samstundes finst det meir alvorlege motivasjonskjelder. Mange ungdomar har problem på skulen eller i familien, og for desse kan rusen vera eit verkemiddel for å gjera kvardagen lettare å bera.

Lakentrening

Seksuelle aktivitetar har alltid vore eit viktig skilje mellom barn og vaksne. Det har også vore viktig for familiane og samfunnet å kontrollera seksualiteten, noko som heng saman med effekten av seksuallivet: Sex fører til barn, og barn treng ressursar for å veksa opp. I eit tradisjonelt samfunn, skal ressursane skaffast innan rammene av familien: Ei kvinne kan ikkje ha sex før ho har ein mann som kan forsyta henne, og ein mann vil ikkje forsyta borna til andre menn.

I dagens samfunn er koplinga mellom seksualitet og forplanting mindre tydeleg enn tidlegare. For det fyrste er ein ikkje avhengig av å ha ein velfungerande familie for å oppdra eit barn: Både kvinnene og mennene er i lønna arbeid, og staten hjelper til både økonomisk og med barnepass. Dinest er det viktig at prevensjon og informasjon har gjort det mogeleg å driva med forplantingsrelaterte aktivitetar berre for moroskuld.