Stortingspartia i Noreg

Dette arbeidsopplegget gjev ein kort presentasjon av dei viktigaste politiske partia i Noreg. I oppgåvene skal du arbeida med norske valresultat frå perioden 1989 - 2005. Eitt viktig moment blir å undersøkja på kva måte unge veljarar har ei anna valåtferd enn det eldre veljarar har.

Vel inne i valavlukka blir norske veljarar møtt av ein innhaldsrik meny. Ved stortingsvalet i 2005, tok 21 lister del. Blant desse finst tradisjonelle ”kjøttkaker i brun saus” parti, som Høgre, Venstre og Arbeidarpartiet (med fleire), men også meir eksotiske innslag, som Pilsens samlingsparti.

Jamvel om tilbodet er breitt, er det fyrst og fremst mellom sju parti veljarne gjer sine val: SV, SP, DNA, V, KRF, H og FRP. Stort sett samlar desse over nittifem prosent av røystene ved stortingsvala.

Interesseorganisering, fraksjonisme og protest er lykkelomgrep for å forklara skipinga av desse sju partia:

Interesseorganisering

Fyrst vart Venstre skipa i 1884 som ei samanslutning av reformvenlege grupper i byane og på landsbygda. Partiet ynskte å demokratisera det politiske systemet og føra ein sosial reformpolitikk. Meir eller mindre i same farten vart Høgre skipa som ei motvekt mot Venstre: Venstre sine sosiale og politiske reformframlegg måtte ikkje setja den politiske stabiliteten eller inntektsgrunnlaget til rikfolk i fare. Like etter vart Arbeidarpartiet skipa for å verna interessene til den framveksande arbeidarklassen.

Fraksjonisme

I 1920 vart Bondepartiet skipa av venstrefolk som var missnøgde med landbrukspolitikken til Venstre, og i 1933 vart Kristeleg Folkeparti skipa av venstrefolk som var missnøgde med den moralske stoda i Venstre. Desse partia kom såleis til etter indre bråk i Venstre, men i motsetnad til mange ander utbrytargrupper, resulterte fraksjonsverksemda i levedyktige parti.

I 1961 vart Sosialistisk Folkeparti skipa av tidlegare arbeidarpartifolk. Utgangspunktet for skipinga var indre usemje i Arbeidarpartiet om korleis utanrikspolitikken skulle førast. Utbrytarane var kritiske til amerikansk utanrikspolitikk, Nato og atomvåpen.

Protest

Det siste av dei sju store vart skipa i 1973. Anders Langes Parti til sterk nedsetjing av skattar, avgifter og offentlige inngrep var i utgangspunktet eit protestparti på høgresida, men har med tida utvikla seg til å få ein breiare appell.

Ved stortingsvalet i 2005 oppnådde berre tre parti meir enn ti prosent av røystene, jamfør figur 2. Størst oppslutning fekk Arbeidarpartiet med 32,7 prosent av røystene, dinest kom Framstegspartiet (22,1 %) og Høgre (14,1 %).

Figur 2: Prosent oppslutning om dei ulike partia ved stortingsvalet 2005.

Ungdommens råskap

I Noreg lyt ein gå i sitt attande år for å ha rett til å røysta. For nokre tykkjest denne aldersgrensa å vera vel høg. Likevel er det eit faktum at ein stor del av ungdomane ikkje kjenner noko behov for å gå til valurnene før dei er langt oppe i tjueåra. Mellom anna for å auka den politiske interessa og kompetansen blant fyrstegongsveljarane, har ein sidan 1989 arrangert nasjonale skuleval i samband med dei ordinære vala.

Gjennom festtalar og strategidokument er det lett å få inntrykk av at alle dei politiske partia ynskjer ungdomane velkomne til valurnene. Likevel er det vanskeleg å fri seg frå tanken om at nokre ynskjer dette meir enn andre. Dei tradisjonelle og ansvarlege partia, dei som minner mest om far og mor, slik som Høgre og Arbeidarpartiet, gjer det som oftast dårlegare blant skuleelevane enn blant eldre veljargrupper. På den andre sida syner ungdomane stor interesse for dei partia som merkjer seg ut frå mengda, anten det er til høgre, til venstre eller på annan måte. Det mest ekstreme dømet på ungdommeleg ekstremisme og ansvarsløyse finn me i 2001. Då skipa ei rekkje kjendisar og komikarar partiet Det Politiske Parti, med frontfigurane Atle Antonsen og Johan Golden. Dette partiet samla åtte prosent av røystene ved skulevalet. Dersom resultatet hadde stått seg i stortingsvalet, ville partiet fått om lag femten representantar på stortinget.

Ordskifte

I 2001 strøymde elevane til tullepartiet Det Politiske Parti. Kvifor gjorde dei det? Var det ein protest? Var det eit uttrykk for ungdommeleg ekstremisme? Ansvarsløyse? Kjendisorientering?