Politisk avstand mellom partia i Noreg

I politiske ordskifte kan det ofte høyrast ut som om den politiske avstanden er enorm, medan det i skriftlege dokument kan vera vanskeleg å finna att skilnadene. Du skal i dette arbeidsopplegget leita i partiprogramma med sikte på å finna politiske skilnader.

Dei politiske ordskifta i Noreg kan vera nokså forvirrande. På den eine sida er debattantane ivrige i å markera at dei er usamde med kvarandre, men samstundes kan det vera vanskeleg å oppfatta kva dei grunnleggjande skilnadene verkeleg er. Alle forvissar oss om at dei ynskjer å gjera Noreg til eit godt land å leva i.

Det er mellom anna to høve ved norsk partipolitikk som gjer at det kan vera vanskeleg å få auga på skilnadene mellom partia. Mest viktig er det at alle dei store partia støttar hovudlinene i den dominerande politiske og økonomiske tenkinga: Demokrati og blandingsøkonomi. Demokrati vil seia ei politisk styreform der vedtak blir fatta basert på kva fleirtalet i folket meiner. Samstundes er det også viktig at eit demokratisk system vernar mindretalet. Det er til dømes lov å arbeida for å fremja andre syn enn det fleirtalet har. Blandingsøkonomi er ei nemning nytta om det økonomiske systemet. Det tyder at styresmaktene legg føringar, mellom anna gjennom lover og skattlegging, for korleis næringslivet skal fungera. Berre småparti, til dømes Raudt (før 2007 var namnet Raud Valallianse), er grunnleggjande kritiske til dagens system, dei andre partia er stort sett opptekne av å justera og betra ulike sider ved det politiske og økonomiske systemet.

I tillegg er valkampane prega av at alle partia freistar å samla oppslutnad blant dei som seint avgjer kva dei vil røysta. Tidlegare var veljargruppene meir stabile og einsarta, folk bytte ikkje parti frå val til val. Såleis kunne til dømes Arbeidarpartiet utforma ein politikk for arbeidarane, Bondepartiet kunne konsentrera seg om bøndene og Kristeleg Folkeparti om dei kristne.

I tillegg til å samla oppslutnad blant kjerneveljarane, må dagens parti hengja opp flugepapir for å klistra til seg veljarar som surrar mellom partia. Flugepapira er mellom anna populistiske utspel, det vil seia utspel partia kjem med for å gjera seg populære. Ein populist vil seia ”Set ned bensinprisane no – folk lir”, han vil aldri finna på å seia at ”Vårt parti ynskjer å setja i gang ein prosess med sikte på å vurdera om det finst rom for å redusera dagens avgiftsbelasting for den einskilde gjennom gradvise, ikkje hyppige, steg og tiltak”.

Partiet alle elskar å hata

I 1973 vart partiet Anders Langes Parti til sterk nedsetjing av skattar, avgifter og offentlige inngrep stifta (Framstegspartiet frå 1977). Gjennom dei fyrste femten åra såg dei etablerte partia på nykomaren som eit kuriøst protestparti med særmerkte og karismatiske leiarar. Men så byrja veljarane å strøyma til FrP, og dei andre partia måtte ta utfordraren på alvor. Gjennom dei siste valkampane har politiske motstandarar stått samla om å skuva FrP ut av norsk politikk. I staden for å låtteleggjera partiet, har strategien vore å fortelja kor fælt det vil bli å bu i landet om FrP får politisk makt.

Dersom ein tek innhaldet og temperaturen i ordskifta på alvor, skulle ein tru at FrP står åleine i dei fleste saker. Spørsmålet er likevel om praktisk politikk og politisk retorikk er to ulike ting. Kan det tenkjast at visse parti er meir samde med FrP enn det ordskifta skulle tyda på?

Ein måte å nærma seg denne problemstillinga på, er å undersøkja samarbeidsmønsteret på Stortinget. Denne gongen skal me avgrensa oss til å undersøkja korleis FrP samarbeider med dei andre partia i stortingskomiteane.

Stortingsrepresentantane er fordelt mellom tretten komitear. Inndelinga i komitear skuldast mellom anna det store arbeidspresset på Stortinget. Sakene er så mange at det er mest uråd for ein representant å kjenna dei alle like godt. Kvar komite har ansvaret for eit avgrensa saksfelt, og medlemmene blir difor spesialistar på dette området.

Komiteane førebur sakene før handsaming og votering i Stortinget eller Odelstinget. Arbeidet leiar fram mot ei innstilling med tilrådd vedtak. Dersom det rår indre usemje i komiteen, blir dei ulike syna tekne med som merknader i innstillinga. Ved å undersøkja desse fraksjonsmerknadene, kan ein soleis få eit inntrykk av kor usamde dei ulike politiske partia er.

Tabell 1: Prosent usemje i kommitemerknadene mellom FrP og dei andre partia for sesjonen 2004/2005.

H KrF V SP DNA SV
43 43 41 62 57 69

 

Resultata i Tabell 1 er nokså tydelege: SV, SP og DNA var i sesjonen 2004/2005 langt oftare usamde med FrP enn det Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre var. Fram til valet i 2005, var det KrF, V og H som rådde i regjeringskontora. Grunnen til at desse partia var mindre usamde med FrP, er at dei søkte stønad hjå FrP for å få gjennomslag for politikken sin. Dette illustrerer skiljet mellom praktisk politikk og politisk retorikk: Jamvel om H, KrF og V har gjort sitt til å utpeika FrP som styggen sjølv i norsk politikk, var det ein søtare medisin å søkja kompromiss med dette partiet enn å flørta seg til siger saman med dei tradisjonelle fiendane på venstresida.

Avrøystingar i Stortinget - Voteringar

Ein kan også undersøkja semja mellom partia ved å sjå på korleis dei har røysta i stortingssalen. Me vil tilrå at de les teksten om voteringsdata. Figuren under viser kor usamde Ap, SV, KrF og H har vore med FrP i perioden etter 1981.