Storebror ser deg

Tittelen er henta frå romanen 1984 av George Orwell. (Sidan han levde i perioden 1903-1950, er eg nesten sikker på at han ikkje har teke formuleringa frå fjernsynsprogrammet Big Brother. Fjernsynsprogrammet, derimot…) Han skriv om eit oppdikta diktatur der innbyggjarane blir fullstendig overvaka, og der informasjonen blir nytta til å kontrollera og undertrykkja borgarane. Boka er strålande og svært fasinerande for den som er oppteken av politikk og samfunnsspørsmål. Litt av grunnen til at boka framleis er relevant, er nok at me, trass i at me lever i eit moderne demokratisk samfunn, kan kjenna igjen element frå dette redselssamfunnet Orwell skildrar.

I dette arbeidsopplegget skal me gå nærmare inn på temaet overvaking gjennom å handsama spørsmåla: Kven overvakar borgarane, kvifor driv stabile demokrati med overvaking og når blir overvakinga problematisk? I oppgåvene skal de undersøkja kva norske skuleelevar, og nordmenn generelt, meiner om dette spørsmålet.

Kven overvakar borgarane?

Mange kan kjenna seg overvaka av nyfikne naboar som tilsynelatande aldri søv bak skjelvande gardiner. Slik overvaking skal me ikkje handsama her, me skal avgrensa oss til systematisk informasjonsinnsamling om borgarane på vegner av staten. I dei fleste land er det vanleg med ei arbeidsdeling i etterretningsarbeidet. I Noreg, til dømes, har Tryggingstenesta til Politiet (PST) ansvar for å overvaka borgarane innom grensene til landet, medan Etterretningstenesta organiserer overvaking i utlandet. Dersom James Bond hadde vore norsk, ville han såleis arbeidd i Etterretningstenesta, og ikkje i PST.

Sidan kvart land ofte har to tenester, og sidan det er meir enn 250 statar i verda, kan overvakingsbiletet bli nokså komplekst til slutt. Ein norsk nynazist i Oslo, blir i fyrste omgang registrert av PST. Men Etterretningstenesta kjem fort inn i biletet om mannen også pleier kontakt med likesinna i utlandet. I tillegg vil utanlandsk etterretning også ynskja informasjon om mannen og venene hans. På denne måten kan mange ulike etterretningstenester vera interesserte i å halda nynazisten under oppsyn. Difor er det vanleg å utveksla informasjon. Minst problematisk er utveksling av informasjon mellom tenestene til eit bestemt land, til dømes mellom PST og Etterretningstenesta. Men informasjon blir også utveksla innan det internasjonale politisamarbeidet, INTERPOL, og innan militære alliansar som NATO. NATO-samarbeidet kan nyttast til å illustrera eit viktig poeng: Ein utvekslar gjerne informasjon med vener, men ein held korta tett til brystet i høve fiendar. For å få informasjon om nynazisten nemnt over, lyt våre fiendar, slik som til dømes Russland, Kina, Nord-Korea og Iran, senda eigne agentar til Noreg, og desse agentane lyt samla informasjonen sjølv. Ofte er agentane tilsette ved ambassadane i Oslo, men dei kan også opphalda seg i Noreg som turistar, studentar eller arbeidarar. Slike agentar kallar me spionar; dei samlar, utan å ha løyve til det, informasjon i ly av å ha eit anna oppdrag.

Hausten 2013 vart me vitne til ein litt delikat episode. Det vart avslørt at USA hadde overvaka telefonen til Angela Merkel, Rikskanslaren i Tyskland. Tyskarane uttrykte stor misnøye med framgangsmåten til amerikanarane: Vener bør ikkje spionera på kvarandre. Dette illustrerer eit viktig poeng med korleis dei hemmelege tenestene opererer: Dei rettar seg ikkje alltid etter “bør” reglar, det viktigaste er å samla informasjon som kan vera viktig for det landet dei jobbar for. Det leiar over til neste spørsmål: Kva er så mandatet til etterretningstenestene?

Kvifor driv stabile demokrati med overvaking?

“Kjemp for alt kva du har kjært, dø om så det gjelder” heiter det i salmen Alltid freidig. Og det er vel i grunnen nøkkelen til å forstå kvifor statar syslar med overvaking: Dei kjempar for å bevara stabilitet og tryggleik for borgarane, og dei freistar å få tak i informasjon som kan sikra vekst og velstand.

Jamvel om dei er litt overlappande, kan det vera fornuftig å dela etterretningsarbeidet inn i tre kategoriar:

  1. For å avdekkja indre eller ytre farar. Ein indre fare kan til dømes vera at ei terrorgruppe planlegg å sprenga bomber, ein ytre fare kan vera at ei framand makt planlegg eit åtak, eller at uro og borgarkrig i eit anna land, kan spreia seg over landegrensene.
  2. For å samla strategisk informasjon. Dersom eit land skal forhandla med eit anna land, kan det vera lurt å veta kva strategiar det andre landet har. (Dersom du har høyrt mor og far diskutera kva som kunne ha vore ei høveleg timebetaling, og du veit at far sa “70 kroner, ikkje eit øre meir!”, har du eit godt utgangspunkt for å diskutera løna.) Avlyttinga av Merkel er døme på slik strategisk informasjonsinnsamling. USA ynskte å få innsyn i tyske synspunkt og planar før dei vart offentlege.
  3. For å sikra vekst og velstand. Industrispionasje er ein annan variant av strategisk informasjonsinnsamling. Land eller verksemder kan freista å stela gode idear, eller strategiske planar, frå andre for på denne måten å sikra framtidig vekst og velstand.

Etterretningstenestene samlar, analyserer og brukar eit breitt spekter av informasjon. Den typiske spionen som spanar på utpeikte objekt, og som freistar å få personar til å sladra om viktige løyndomar, speler framleis ei aktiv rolle. Men dei menneskelege spionane får hjelp av ei lang rekkje tekniske hjelpemiddel: Satellittar, fly og dronar blir nytta til å ta bilete inne i andre land, dataprogram siler og hentar ned informasjon frå datatrafikken, telefonar blir avlytta, mikrofonar og kamera blir plasserte på strategiske stader.

Mykje av arbeidet går ut på generell overvaking gjennom å fylgja med på offentlege arenaer slik som diskusjonsforum på Internett, avisartiklar, forskingsresultat og organisert politisk aktivitet.

Basert på tilgjengeleg informasjon, planlegg etterretningstenestene kvar dei bør setja inn eit ekstra fokus. I Noreg publiserer PST kvart år ei vurdering av dei mest aktuelle trugsmåla samfunnet står overfor.

Dersom etterretningstenestene ynskjer å ta steget vidare frå den generelle overvakinga, som inneber at ein fylgjer med på kva som rører seg i samfunnet, og i staden gå inn på meir systematisk observasjon av einskildpersonar og grupper, må dei argumentera for at kvart einskild tiltak, til dømes spaning eller telefonavlytting, er naudsynt å setja i verk for å verna tryggleiken i samfunnet, og rettsvesenet må godkjenna at vurderingane er i tråd med lovverket.

Om me avgrensar oss til Noreg, kan me seia at det er god demokratisk kontroll på etterretningsarbeidet. Stortinget har mellom anna oppnemnt eit kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggleikstenestene, det såkalla EOS-utvalet. Utvalet inspiserer at EOS-tenestene rettar seg etter regelverket, og det handsamar klager frå einskildpersonar. Mykje av arbeidet er gradert etter tryggingslova, så borgarane får ikkje fullt innsyn i arbeidet til utvalet.

I Noreg veit me at lovverket set klare grenser for korleis dei løynde tenestene kan operera, me veit at rettssystemet skal godkjenna vurderingane, og me veit at det finst eit eige kontrollutval. Trass i det, er det likevel nokon grunn til at me skal vera litt urolege?

Kva er problematisk med overvaking?

Før me nærmar oss spørsmålet i undertittelen, vil me understreka at me med “overvaking” no avgrensar oss til “ein aktivitet der etterretningstenestene tek i bruk ulike verkemiddel, slik som spaning, telefonavlytting eller kontroll av datatrafikk, for å få informasjon om bestemte personar eller grupper med sikte på å hindra kriminell aktivitet eller tryggleiken til riket”.

Overvaking medfører eit inngrep i privatlivet til den som blir overvaka. Ei formulering som ofte blir nytta er: krenkjer privatlivets fred. I utgangspunktet rettar aktiviteten seg mot individ, og eventuelle problem må difor avdekkjast på individnivå. Dersom svært mange blir overvaka, kan det likevel gjera noko med korleis samfunnet fungerer. Me vil difor skilja mellom effektar av overvaking på individplan og for samfunnet.

Overvaking og individet

I eit demokratisk samfunn som det norske, har me rettar og fridomar: Me kan tenkja kva me vil, me kan flytta oss fritt i det offentlege rom, me kan uttrykkja (nesten) kva me vil og me kan organisera oss som me vil. Så lenge me rettar oss etter lovene, har me krav på å få vera i fred.

Dersom styresmaktene systematisk byrjar å samla informasjon om eit individ, anten ved å fylgja ekstra godt med på kva individet gjer i det offentlege rom (til dømes spaning), eller ved å nytta spesielle verkemiddel som telefonavlytting for å kartleggja kva som skjer i private arenaer, blir den grunnleggjande retten til å få vera i fred, broten. På same vis er det med vårt sentrale prinsipp om rettstryggleik: Lova skal vera lik for alle, og ein er uskuldig fram til det motsette er prova i rettssystemet. Overvaking inneber at ein plukkar ut nokon basert på misstanke, og at ein sjekkar nøye om desse føl lova.

Me kan lista opp nokre uheldige effektar av overvaking for individet:

  1. Rett til privatliv – du kan ikkje vera utru med nabokona utan at nokon registrerer det
  2. Mistenkeleggjering – du får ikkje jobb i forsvaret fordi far din var kommunist i ungdomen
  3. Forskjellsbehandling – du er like lovlydig som naboen, men blir likevel handsama annleis

Den som ynskjer å øydeleggja våre rettar og fridomar, har ikkje nokon moralsk rett til å be om vern frå dei same fridomane og rettane. Han har diskvalifisert seg sjølv. Problemet med overvaking, er difor at den frå tid til anna råkar uskuldige. Vurderingane til dei som set i gang med overvakinga, vil av og til slå feil, sånn er det berre.

Overvaking og samfunnet

Sett frå sida til samfunnet, er det ikkje noko praktisk problem at nokre individ mistar litt av fridomen sin gjennom overvaking. Men dersom det på individplan startar å breia seg ei oppfatning om at visse grupper blir diskriminerte, til dømes kommunistar, kan det verka inn på graden av tillit i samfunnet. Og tillit er ein svært viktig faktor for å få demokrati til å fungera:

  1. Demokrati skal vera prega av ope meiningsbryting. Dersom visse grupper blir handsama annleis enn andre grupper, kan det medføra at folk ikkje engasjerer seg i ordskiftet.
  2. I demokrati skal det vera organisasjonsfridom. Blir somme organisasjonar handsama ulikt, vil det kunna verka inn på organisasjonsgraden i samfunnet.
  3. Storstilt overvaking vil kunna skapa eit skilje mellom systemtru politisk aktivitet og undergrunnsaktivitet. I neste runde blir mistilliten overført til individplanet: Kan eg snakka ope med denne mannen, eller vil han sladra?

I eit demokrati er det difor viktig å halda omfanget av overvakinga på eit avgrensa nivå. Utfordringa er å overvaka nok til at ein kan hindra trugsmål, men lite nok til at ein minimerer dei negative effektane, både for individa og samfunnet.

Når går overvakinga for langt?

Dei lovlydige av oss, skulle i utgangspunktet ikkje ha nokon grunn til å vera urolege for at framande agentar meskar seg med intime detaljar frå våre små utanom-ekteskaplege eskapadar på julebordet. Diverre er det slik at det kan bli samla informasjon også om uskuldige. Me vil gje nokre døme på at arbeidet med å sikra eit trygt samfunn, kan medføra at overvakinga går lengre enn det som er naudsynt:

  1. Vurderingane til overvakarane gjer at overvakinga femner for breitt. Anten ved at ein definerer for vidt kva som til dømes kan “truga tryggleiken til riket”, eller ved at ein nyttar eit rettsleg vedtak til å grunngje vidare innsamling og lagring av informasjon etter at ein eigentleg har slått fast at det er uråd å finna noko muffins.

    På 1990-talet granska Lund-kommisjonen påstandar om ulovleg overvaking av norske borgarar etter andre verdskrigen. I rapporten blir det mellom anna nemnt at etterretningstenestene i visse høve strekte instruksane svært langt, og at dei heldt fram med å overvaka grupper, jamvel om overvakinga ikkje gav resultat. Fokuset var i etterkrigstida fyrst og fremst retta mot venstresida i norsk politikk, både mot medlemmer av politiske parti som Norges Kommunistiske Parti, men også mot medlemer i organisasjonar som Nei til Atomvåpen.

    I etterkant av Lund-kommisjonen, fekk 379 personar erstatning for å ha blitt ulovleg overvaka (Wikipedia om Lund-rapporten).

  2. Styresmaktene lagar spesiallover som set til side reglane i det ordinære lovverket. Formålet med slik lovgjeving, er å gje politiet og etterretningstenestene vidare fullmakter, slik at det blir lettare å nytta seg av spesielle verkemiddel i arbeidet med å verna riket.

    I etterkant av terroråtaka mot USA 11. september 2001, lanserte presidenten i USA, George W. Bush, krigen mot terror. Ein konsekvens av denne krigen vart at lovgjevarane i fleire land vedtok lover med vidare fullmakter for politiet og etterretninga, såkalla antiterrorlover. Desse lovene har møtt mykje kritikk. Den britiske lovgjevinga vart til dømes sterkt kritisert av den europeiske domstolen for menneskerettar. Frå 2004 til 2008 auka tale på kroppsvisitasjonar i Storbritannia frå 33 000 til 117 000, og domstolen framheva at praksisen var pinleg og verka nedverdigande for dei uskuldige (Artikkel publisert av NRK).

  3. Styresmaktene legg til rette for å samla inn og lagra informasjon på generell basis, utan å ha nokon konkret misstanke om trugsmål eller kriminelle handlingar. Dette er eigentleg ein kombinasjon av punkta over: Lovverket blir justert, og overvakinga femner breiare enn det som er naudsynt. Me handsamar det likevel som eit eige punkt fordi ordskiftet kring ei enkelt sak har vore svært heitt dei seinare åra: Spørsmålet om innføring av datalagringsdirektivet i norsk rett.

    I 2006 vedtok EU Datalagringsdirektivet. Direktivet gjev påbod om at dei som styrer datatrafikken, slik som til dømes Telenor, må lagra informasjon om alle brukarane: Kven som har kontakt med kvarandre på e-post eller telefon, tidspunkt, kor lenge og kvar dei var. På same vis må ein lagra tidspunkt og stad for pålogging til Internett. Formålet med å overvaka alle borgarane på denne måten, er å samla inn informasjon som kanskje kan nyttast i arbeidet med å kjempa mot kriminalitet.

    I 2011 vedtok Høgre og Arbeidarpartiet at direktivet skulle implementerast i norsk rett frå 2012, men saka vart utsett. I 2014 kom EU-domstolen fram til at datalagringsdirektivet var ugyldig. Domstolen konkluderte med at direktivet innebar alvorlege inngrep i privatlivet til borgarane. Vedtaket frå EU-domstolen, fekk den norske regjeringa til å leggja innføringa på is.