Saman er me mindre åleine

Noreg er eitt av dei mest gjennomorganiserte landa i verda. Tal frå levekårsundersøkinga til SSB frå 2007, syner at om lag 80 % av vaksne nordmenn er medlem i ein eller fleire organisasjonar. Særleg innanfor arbeidslivet, er det vanleg å organisera seg. Heile 53 prosent av norske arbeidstakarar, er fagorganiserte.

Den grunnleggjande tanken bak all organisering, kan kanskje uttrykkjast med setninga: Saman er me mindre åleine. Organisasjonen kan på den eine sida vera ein identitetsbyggjande arena der ein møter likesinna, på den andre sida kan den vera eit verkty for å få noko gjort.

Skulevalundersøkingane kan nyttast til å undersøkja i kva grad dei unge i Noreg tek del i organisasjonslivet. Som tidlegare nemnt, er det fyrst og fremt fagorganiseringa som gjer at organisasjonsgraden er så høg blant vaksne. Skuleungdom er ikkje hovudsakleg i lønna arbeid, og det er difor ikkje så merkeleg om dei ikkje er med i ein av organisasjonane i arbeidslivet. Men det finst ein typisk interesseorganisasjon for norsk skuleungdom: Elevorganisasjonen. Den arbeider med spørsmål som verkar inn på kvardagen til norske elevar.

I skulevalundersøkingane får elevane fire spørsmål om medlemskap: ”Er du medlem av…

Figur 1: Prosentdel elevar med medlemskap i minst ein organisasjonstype. Kjelde: Skulevalundersøkinga 1989-2009.

Me kan tolka minst tre ulike moment ut av Figur 1.

  1. Det er vanleg blant norske elevar å delta i organisasjonslivet. For alle åra svarar meir enn halvparten av ungdomane at dei er medlem i minst ein organisasjonstype.
  2. Organisasjonsgraden er noko lågare blant elevar enn blant vaksne (samanlikna med levekårsundersøkingane).
  3. Organisasjonsgraden syner ein sigande tendes for tidsrommet 1989 – 2009. Men resultata frå 2007 og 2009, kan indikera at tilbakegangen har stagnert.