Miljøpolitikk

Miljøpolitikk, miljøvern og internasjonalt miljøsamarbeid er nokså nye omgrep i politikken. Fyrst i 1960-åra tok ein på alvor at naturen vart øydelagd, at artsmangfaldet vart redusert og at menneske vart sjuke som ein konsekvens av menneskeskapt ureining. Jamvel om landa skjønte kor viktig det var å verne naturen, var det vanskeleg å endra den tradisjonelle politiske kursen, til dømes ved å krevje reinsing av utslepp. Dersom ingen andre brukte ressursar på slike tiltak, kvifor skulle då eitt land gjere jobben åleine? I tillegg sleit mange land med problem som kom av utslepp i andre land. På grunn av slike dilemma, såg ein at miljøpolitikk i stor grad høyrer heime på det internasjonale nivået.

Slik var situasjonen i 1972 då FN arrangerte den fyrste store globale miljø- og utviklingskonferansen i Stockholm. Konferansen er eit landemerke i det internasjonale miljøsamarbeidet. For fyrste gong hevda eit internasjonalt forum at ein er nøydd til å setje i verk tiltak for å verne miljøet, dersom ein ikkje skal gå ut over tolegrensa til naturen. Konferansen kveikte det internasjonale engasjementet for miljøsaka, der FN heile tida har spelt ei sentral rolle. Svært mange miljøavtalar er utforma og underskrivne, men langt frå alle avtalane blir følgde til minste komma. I visse tilfelle finst det usemje om korleis tekstane skal lesast, og i andre tilfelle ser ein rett og slett vekk i frå avtalane når den konkrete politikken blir utforma nasjonalt.

Berekraftig utvikling

Gro Harlem Brundtland er kanskje den mest kjende norske miljøpolitikaren internasjonalt. Ho var miljøvernminister i fleire år i slutten av 1970-åra, ho var leiar for kommisjonen om miljø og utvikling i regi av FN i 1980-åra, og ho spelte ei sentral rolle under FN-konferansen i Rio i 1992. Kommisjonsrapporten ber namnet "Vår felles framtid", men er meir kjend som Brundtland-rapporten.

Det mest sentrale omgrepet i rapporten er kanskje berekraftig utvikling. Det er ei svært nøye planlagd samanstilling av ord. Utvikling er eit generelt omgrep. Det tyder at noko er i rørsle. I Brundtland-rapporten er tanken at samfunnet bør utvikle seg slik at folk får det betre. Berekraftig peiker på at noko skal stå seg over tid. Omgrepet berekraftig utvikling tyder såleis ei utvikling som stettar dei behova vi har i dag, utan å øydeleggje sjansane for komande generasjonar til å få stetta sine behov. To moment er sentrale for å få til ei slik utvikling. For det fyrste må ein hjelpe dei fattige landa til å få stette sine grunnbehov, og for det andre må ein passe på at ein ikkje øydelegg naturen eller driv rovdrift på naturressursane.

Somme liker det heitt

Ei av dei mest sentrale sakene i det internasjonale miljøsamarbeidet, har vore ureining av lufta. Dei aller fleste har høyrt om sur nedbør og drivhuseffekt. Drivhuseffekt vil seie at eit gasslag i atmosfæren slepper kortbølgja solstråling ned på jorda, men gjer det vanskelegare for varmestrålinga å sleppe ut att i verdsrommet. Utan denne drivhuseffekten ville temperaturen vore -18 grader celsius i gjennomsnitt på jordoverflata. No er han 15 grader. Av det ser vi at drivhuseffekten er livsviktig for svært mykje av livet på jorda. Problemet er likevel at berre små temperaturendringar får store konsekvensar for økosystemet.

Dei viktigaste drivhusgassane er vassdamp, karbondioksid, metan, lystgass og ozon. Menneska påverkar mengda av drivhusgassar særleg ved å brenne oljeprodukt, kol og skog i stor skala. Det frigjer nemleg karbondioksid. Men vi slepper også ut metan og lystgass. I 1997 vart det gjort ein internasjonal avtale i Kyoto om å redusere utsleppa av drivhusgassar. Industrilanda forplikta seg til å redusere utsleppa sine av slike gassar med 5,2 prosent fram mot 2012 i høve til nivået i 1990. Avtalen opnar også for at eit land kan kjøpe kvotar frå land som ikkje sjølv slepper ut så mykje som dei har lov til. Tykkjer du det er etisk forsvarleg at eit rikt land kan auke sine utslepp ved å kjøpe seg fri på denne måten?

Figur 1 viser kor mykje karbondioksid kvart land i Europa sleppte ut per innbyggjar i 1996. Noreg merkjer seg ut ved å sleppe ut meir karbondioksid per innbyggjar enn til dømes Spania og Frankrike. Grunnen er fyrst og fremst den store oljeproduksjonen i Noreg.

Figur 1: Utslepp av karbondioksid for kvar innbyggjar i europeiske land. Utsleppa er målte i metriske tonn.

– Sei ja til atomkraft og få artige barn!

Slik lyder eit ironisk slagord mot atomkraft.

Miljøpolitikk har vore eit heitt tema i dei fleste kanalane for innverknad i det norske politiske systemet:

For det fyrste finst det fleire organisasjonar som jamt arbeider med miljøpolitiske spørsmål, slik som Natur og ungdom, Noregs Naturvernforbund og Bellona.

I tillegg til desse organisasjonane, har bestemte saker ført til skiping av eigne aksjonsgrupper som arbeider for ei bestemt sak over eit kortare tidsrom. Døme på slike aksjonsgrupper kan vera den mot vasskraftutbygging i Alta og gruppa som arbeidde for å verna ulven i Noreg.

Det breie folkelege engasjementet har fått god dekning i media, og dei politiske partia har sjølvsagt nytta miljøpolitiske argument for å stetta behova til sine veljargrupper, og for å trekkja til seg nye veljarar.