Politisk interesse

For at eit demokratisk system skal fungera, er det viktig at borgarane tek del og engasjerer seg i politiske spørsmål. I dette arbeidsopplegget skal me sjå nærare på ein av dei faktorane som kan vera med på å stimulera til politisk aktivitet, nemleg interesse for politikk. I tillegg skal me undersøkja korleis politisk interesse heng saman med andre variablar, mellom anna politisk aktivitet og medievanar.

Fundamentet for politisk interesse og engasjement er tanken om at menneska kan påverka samfunnet me lever i. Denne tanken er ikkje like utbreidd i alle delane av folket, og forsking syner at det politiske engasjementet mellom anna heng saman med faktorar som kjønn, alder, utdanning, sosial status og kva type område ein bur i.

Den politiske interessa blant ungdom er ikkje så sterk som enkelte kunne tenkt seg. Ved skulevalsundersøkinga i 2005, svarte om lag tjuesju prosent av elevane at dei var svært eller nokså interessert i politikk, jf tabell 1.

Tabell 1: Politisk interesse blant elevar i vidaregåande skule
  Prosent
Mykje interessert 7,1 %
Nokså interessert 19,9 %
Litt interessert 52,3 %
Heilt uinteressert 20,6 %

Kjelde: Skulevalsundersøkinga 2005

Det kan vera fleire grunnar til at så mange er lite interesserte eller heilt uinteresserte. Kanskje er det slik at dagens ungdom har så mykje å tenkja på at politiske spørsmål kjem heilt i bakgrunnen, eller er det slik at dagens unge har det så godt at dei ikkje ser kva ein bør kjempa for å endra? Kvifor trur du at den politiske interessa blant ungdom er relativt låg?

Rolla til mediekanalen

I den politiske sosialiseringsprosessen speler massemedia ei svært viktig rolle. Fjernsyn, radio og aviser formidlar informasjon og meiningar om politiske tilhøve. Gjennom media blir det politiske ordskiftet flytt ut av stortingssalen og kommunestyreromma og inn i stovene til kvar enkelt av oss.

Dei politiske aktørane bruker mediekanalen til å "selja" bodskapane sine til veljarane. Særleg under valkampane, men også i periodane mellom vala, legg alle partia vekt på å formidla kva dei står for ved aktivt å formidla sine politiske synspunkt i media. Media blir såleis eit verkty for partia i arbeidet med å overtyda veljarane.

Men media er ikkje berre eit mikrofonstativ for politikarane. Dersom ein politikar røystar i strid med det han har sagt til veljarane, vil journalistane stå i kø for å fortelja om avtalebrotet. Politikarane er avhengige av at folk syner dei tillit, og dei vil difor tenkja seg nøye om før dei opptrer på ein måte som vil gje dei negativ omtale i media.

Fordi massemedia har ei slik sentral plassering i det politiske landskapet, er det god grunn til å tru at dei også er med på å skapa interesse for kva som skjer i politikken. Me ventar difor at dei som ofte nyttar medium som tek opp politiske tema, også viser sterkare politisk interesse enn andre.

Skulevalsundersøkinga frå 1999 gjev oss materiale til å testa sambandet, mellom anna når det gjeld avislesing. Det kan me gjera ved å laga ein krysstabell mellom POLITISK INTERESSE og POLITISK STOFF AVIS, som fortel kor ofte den einskilde les politisk stoff i avisene. Figur 2 viser ei grafisk framstilling av sambandet.

Figur 1: Politisk interesse og avislesing, 1999

Me finn i figuren ein nokså eintydig positiv samanheng mellom dei to variablane. Positiv er her brukt med innhaldet dess meir avislesing, dess meir politisk interesse. Likevel er det neppe slik at me på eit visst tidspunkt i livet tek til å lese politisk stoff i avisene, og som ei følgje av det deretter blir interesserte i politikk. Årsakssamanhengen går truleg like mykje den andre vegen: Me les aviser fordi me er politisk interesserte. Kanskje kan me best sjå tilhøvet som ein sjølvforsterkande spiral eller sirkel: Fordi me har ei viss politisk interesse, les me aviser med politisk stoff. Det fører til at interessa vår aukar, som igjen fører til at me les meir av det same stoffet osv.

Figur 2: Samband mellom avislesing og politisk interesse

Slike modellar blir gjerne brukte for å forklare korleis ulike fenomen i samfunnet påverkar kvarandre. Det er ofte vanskeleg å seie kva som dukka opp fyrst, høna eller egget! I tillegg blir alltid dei variablane me studerer, påverka av "usynlege" faktorar, eller av faktorar me ikkje har med i analysen. Kvardagen er alltid meir komplisert enn dei modellane me bruker for å forstå han.