Demokrati på norsk

Dette arbeidsopplegget handsamar tre sentrale spørsmål:

Innleiingsvis skal me likevel dvela litt ved ei forteljing frå gamledagar.

I fylgje munnleg forteljartradisjon frå tidleg på 1800-talet, fanst der eingong eit staseleg skåp der det sat ein svart kar klar. Han var herre over eit brett med sigarar. På signal skulle han ta steget ut til mennene i rommet utanføre og by fram dei dyrebare rullane. Mennene sette stor pris på det eksotiske innslaget, og kanskje var det den velduftande skodda som fekk detaljane til å tre i bakgrunnen, slik at herrane kunne samla seg om dei grove linene. I løpet av ein dryg månad greidde dei 112 folkevalde representantane på Eidsvoll å bli samde om innhaldet i eit velkjent dokument.

Maktdeling, parlamentarisme og politisk fridom

Både samfunnet og Grunnlova har utvikla seg mykje sidan den 17. mai 1814. Til dømes ville nok dei fleste blitt kraftig opprørte om det hadde sete ein slave med sigarar inni eit skåp ved sida av stenografane på stortinget. No ville det vekt vantru om nokon hadde kveikt seg ein sigar innomhus, for ikkje å snakka om i stortingssalen.

Trass i alle grunnlovsendringane, er det forbløffande å sjå kor levedyktige hovudtankane frå 1814 har synt seg å vera. Sterkt inspirert av idear frå den amerikanske revolusjonen (1776), den franske revolusjonen (1789) og dei franske opplysingsfilosofane, meisla grunnlovsfedrane ut eit institusjonelt råmeverk og eit sett med grunnleggjande rettar for borgarane. I ettertid har det politiske råmeverket utvikla og justert seg, og samfunnsrettane har stort sett blitt utvida. Men grunnprinsippa har blitt ståande.

Grunnlova skil mellom tre former for makt, lovgjevande og løyvande, utøvande og dømmande. Stortinget er den lovgjevande og løyvande makta, regjeringa den utøvande og domstolane den dømmande. Opphavleg var tanken at det skulle vera eit skarpt skilje mellom desse institusjonane, men frå slutten av 1800-talet vart det vanleg praksis at regjeringa måtte styra i tråd med det fleirtalet i Stortinget ynskte, kalla parlamentarisme.

Grunnlova gjev også borgarane ei rekkje rettar som gjer det mogeleg å ta del i samfunnsstyringa. Borgarane har til dømes rett til å røysta (§ 50), dei er verna av lovverket (§ 96 og § 99) og dei skal kunna uttrykkja meiningane sine fritt (§ 100).

I Noreg har me såleis eit demokratisk system: Den lovgjevande makta er valt av folket, og den utøvande makta må styra i tråd med det fleirtalet i den lovgjevande forsamlinga meiner. Borgarane har rett til å ta del i systemet, og lovverket vernar borgarane mot maktovergrep frå styresmaktene. Ein kan uttrykkja kva ein meiner, og det er opp til borgarane å skipa nye parti og organisasjonar og delta politisk. Det norske systemet har synt seg å fungera nokså bra i praksis. Men - er det no slik at alle nødvendigvis er så umåteleg nøgde med det norske demokratiet?

Monarkiet i Noreg

I samband med oppløysinga av den norsk-svenske unionen i 1905, vart ein dansk prins spurt om han kunne tenkja seg å bli konge i Noreg. Konge har i visse krinsar ein langt betre klang enn prins, så dansken takka ja, men berre dersom det norske folket ville ynskja han velkomen. I ei folkerøysting hausten 1905 røysta 78,9 % ja til monarkiet. Så langt inneheld den norske kongerekkja overkommelege tre namn: Haakon VII (1905-1957), Olav V (1957-1991) og Harald V (1991-).

Figur 1: Prosent republikanske stemmer i norske kommunar ved folkerøystinga om republikk eller kongedømme i 1905.

Figur 1 viser at i Oslofjordområdet, det sørlege Hedmark, Oppland og Buskerud var oppslutninga om monarkiet i gjennomsnitt godt over 80 prosent. Sterkast motstand mot monarkiet var det i deler av Telemark, Agder-fylka, det sørlege Vestlandet, Nord-Østerdalen, Trøndelag og Troms.

Den norske regjeringsforma er bestemt i § 1 i Grunnlova. Der står det at riket skal vera eit innskrenka og arveleg monarki. Formelt sett tyder det at den utøvande makta, altså regjeringa, er underlagt kongen, eller ein ansvarleg representant frå kongeætta, og at kongemakta avgrensar seg til det som er bestemt i Grunnlova. I praksis handlar derimot det norske monarkiet meir om form enn innhald: Det er regjeringa som avgjer kva snorer kongefamilien skal kutta. Kongedømet i Noreg er også arveleg. Det tyder at Kongen i utgangspunktet ikkje treng å ha andre kvalifikasjonar eller eigenskapar enn det å vera fødd under rette omstende, nøye spesifisert i § 6 i Grunnlova. Den norske kongen har også ein annan status enn vanlege menneske. I § 5 i Grunnlova står det skrive at kongen er ein heilag person som står over lova. Han kan ikkje lastast for feil gjort i utøvinga av embetet, og han kan heller ikkje stillast til ansvar for personlege brotsverk. Svenskekongen er flink til å gje oss døme som illustrerer nett dette. Fleire gonger har han vorten teken på fersken i utøvinga av ulovlege og livsfarlege aktivitetar, særleg i samband med bilkøyring, men politiet kan ikkje anna gjera enn å dyssa det heile ned.